DIALEKTORD
PÅ NORMERT NORSK

Barsåkk

Barsokk, 24. august

Tilleggsopplysningar

Barsok er på primstaven teikna inn med ein kniv, ei øks eller eit kors.
I Noreg er kniven ofte tolka som slaktekniv og blir rekna som den dagen ein skulle starte med slakting.
Mange verteikn var knytt til denne dagen og vart rekna som fyrste haustdagen.
Ein var særskilt redd for frost og uver som kunne skade avlingane.