Gamle segn frå Uvdal om Haugetussen
Burti Tonhøvd va’ dè so rart. Dè kom burt ei liti ’jente, o’ dei leita i lång ti’ ette ’o. Teslutt fann dei ’o, då va’ ’o kòmi over ei elv, som snaut ein vaksin mann ørka vå. ”Høss slapp du over elve då” sa dei. ”Dè kom ein gråklædd mann o’ bar me’ over,” sa’o ’jentongjin.
Han Stein Imingan va’ handelskar o’ so va’ dè ein pinsedag, ’n va’ burti Valdres. Då fekk han o’ nøkle andre sjå, haugebondin ’jekk o’ ’jætte ’jeitan sine på andre si’a tå elve. Dè va’ ein gåmall mann mè ein stor, grå hatt på. So flaug dè noko ongdoma te o’ kasta stål over den største ’jeite, som ’jekk ne’st ne’i-mot elve, o’ so vart o’ attgangans den då, ser du. Men so skreik dei te’n, åt’n sku få att ’jeite si. ”Nei, no kann dè ha’o te helvetes, når de har tøgge ræva på’o” sa’n.
I ein haug nora støgo i Øye va’ dè haugety. Dè ’jekk kje an gå nori der o’ løyde buksa. Dè va’ fleire, som prøva dè, men dei fekk ein kjink i ryggjin ette.
Gregar Hansson Stølo fortèl:
Dè va’, mè e’ fór mè handel burti Tyldal‘n. Daa fortalde dei me’ om ein husmann som hadde vøre på arbei’ ’jå husbon’ sin o’ skulde heimatt om kvelden. Best’n ’jekk, so vart dè ukjent før’n, alt’n såg. Men so fekk’n sjå frampå ein stor gar ’jøno bjørkeskogjen. Då’n kom framåt gar’n, sto’ dè nøkle småguta utpå tone o’ kasta på kjile. So va’ dè tvo porta inn i ein stor bygning, der sto’, o’ so spurd’n ein tå smågutan, hå port’n skulde gå inn i. Der råka han ein gåmall mann, som sat ’jore sópelima. Då s’jønna’n, han hadde komi på galne vegjir o’ ba’ den gamle ’jelpe se’, so’n konna kåmmå heimatt. Mè same so kom ein tå gutongan inn, o’ so sa’n dè gaml’n, åt guten skulde følje dannan mann, so’n kom gø’tt heimatt. Filleguten knaukla, men då sa’n dè gaml’n, åt ’jekk’n inkje, so skuld’n bryte åv halsbeine i’n. Då følgde guten upp ein bratt bjørkehaug o’ so långt fram, åt mann tok i klinka heime i støgo si. Då’n kom inn, va’n endå so førvilla, åt’n kjend’ inkje kjering o’ onga’ o’ trudde inkje se’ sjøl, førr dei las fadervår før’n.
Kjelde: Tov Flatin, Gamalt frå Numedal, II, s. 42-44.